Coop Norge

Extra Sogndalsfjøra søkjer sommarvikarar

Administration

Sogndal, Norway

Publisert: 30/03/2026

Heltid

Utløper den 29/05/2026

Stillingsbeskrivelse

Coop Nordvest SA er eit av dei største samvirkelaga i Coop i Norge, med 6 milliardar i omsetnad og ca. 2200 medarbeidarar. Vi har butikkar i 46 kommunar, frå Åfjord i nord til Lærdal i sør, i Trøndelag, Møre og Romsdal og Vestland fylke. Vår verksemd er i første rekke innan daglegvare, i tillegg har vi ein del faghandels- og byggevarebutikkar. Vi er eigd av våre 189 000 medlemmar, og vert drive etter samvirke-prinsippa. Vi har kontor på Orkanger, i Ålesund og i Førde. Vi har som mål å vere eit av landets best drivne samvirkelag. Som ein regionalt stor aktør i ein konkurranseutsett bransje, møter vi heile tida nye konkurranseforhold og utfordringar. Måten vi møter dei på, avgjer om kunden framleis vil velje oss framfor konkurrentane.

Me har behov for sommarvikar, og søkjer ein engasjert og blid medarbeidar. Stillinga ligg i turnus med faste arbeidsvakter på dagtid, kveld og annakvar laurdag. Det blir høve til ekstra timar ved fråvær i butikken, og i høgsesongar og feriar. Du må ha fylt 18 år, og du må kunne snakke og skrive norsk.

**Arbeidsoppgåver**

- Kundebehandling
- Kasse
- Varemottak / vareplassering
- Førefallande reinhald og rydding



**Våre forventningar til deg:** Du er hjelpsam og imøtekommande, og trivst med sal og kundebehandling. Du jobbar effektivt og målretta, kan vere fleksibel, og jobbar godt både sjølvstendig og i team. Det er viktig for oss at du medverkar til eit godt arbeidsmiljø i butikken og trivsel for kundane våre.

**Vi kan tilby** varierte arbeidsoppgåver og ordna tariffbaserte løns- og arbeidstilhøve. Du får nødvendig opplæring og ytterlegare kompetanseheving gjennom våre e-læringskurs. Du blir medlem av vår innskotsbaserte pensjonsordning med eigensparing, og er dekka av våre forsikringsavtaler. Vi har rabattavtaler for tilsette.

Spørsmål om stillinga kan rettast til butikksjef

Søknad og CV registrerast digitalt.

**Søknadsfrist: 19.april 2026**



Kontaktpersoner:

**Annika Fardal**

Butikksjef

+47 97171524

annika.fardal@coop.no

Stillingsdetaljer

Publiseringsdato

30/03/2026

Sted

Sogndal, Norway

Utløpsdato

29/05/2026

Erfaringsnivå

Medelnivå

Arbeidssted

Sogndal

Lønnsinformasjon

EUR • Per År

Søknadsfrist

29/04/2026

Søknadsmetode

Website

Søknader

8

Publiserende selskap

category

Administration

Sted

Sogndal, Norway

Bedriftens beliggenhet

Søk på stilling

Klikk på knappen nedenfor for å søke på denne jobben via e-post.