Sogndal kommune

Vikariat som fagarbeidar/assistent, Ylvisåker barnehage

Administration

Sogndal, Norway

Publisert: 25/03/2026

Heltid

Utløper den 24/05/2026

Stillingsbeskrivelse

Ylvisåker barnehage er ein del av Norane oppvekstsenter og ligg i naturskjønne omgjevnader ved fjorden ein kort biltur frå Sogndal sentrum.


Det er gode kommunikasjonstilbod til og frå Ylvisåker. Barnehagen har eit fantastisk uteområde som er mykje brukt og me har stort fokus på friluftsliv. Barnehagen har tre avdelingar og om lag 10 tilsette barnehageåret 2026-2027.


I Ylvisåker barnehage er du med barna i kvardagen. Du deltek i leik, byggjer relasjonar og bidreg til eit trygt og godt miljø der barna får utvikle seg.


**Om Stillinga**
Ledig inntil 150% vikariat som fagarbeidar/assistent frå og med 12.08.2026. Kan bli aktuelt tidlegare.


**Arbeidsoppgåver**

- Hjelpe barn med ei sosial utvikling gjennom kommunikasjon, samhald og inkludering, fellesskap, leik, utforsking og læring
- Rettleie barn til å ta ansvar
- Planlegge og gjennomføre aktivitetar
- Vere eit godt førebilete for barna

**Kvalifikasjonar**

- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.
- Anna relevant utdanning og erfaring vil bli vurdert og kan vere aktuell.
- Fagleg sterk og ser betydninga av refleksjon rundt praksis
- Gode digitale ferdigheiter
- Må vere symjedyktig og kunne ta livredningsprøve
- Interesse og engasjement for friluftsliv for barn

**Personlege Eigenskapar**

- Har godt humør, stå på vilje og engasjement til beste for barna
- Tek utfordringar og ser moglegheiter
- Kan inspirere andre medarbeidarar slik at desse får brukt sitt potensiale
- Ønsker å bidra til deling og vil delta aktivt for å utvikle vår eining
- Evner å skape gode relasjonar med alle barn, føresette og medarbeidarar
- Er open for refleksjon over eigen praksis og bidreg aktivt til at barnehagen utviklar seg som lærande organisasjon

**Me Tilbyr**

- Ein viktig og meiningsfull jobb saman med store og små menneske
- Ein spanande jobb der du får bruke deg sjølv og kan bidra med dine ressursar
- Varierte dagar inne og ute.

**Litt om oss**
Sogndal kommune har om lag 12 000 innbyggjarar og rundt 1300 tilsette. Me er ein kunnskapsbasert og framtidsretta kommune, og jobbar kvar dag for å utvikle gode tenester for innbyggjarane våre.Politiattest må leggjast fram før tilsetjing.


Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette speglar folkesetnaden elles. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkje, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.


Administrasjonsspråket i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjorde med ei prøvetid på seks månader.


I tråd med offentleglova



- 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjorde, sjølv om du ber om unntak. Du blir varsla før eventuell offentleggjering.

Stillingsdetaljer

Publiseringsdato

25/03/2026

Sted

Sogndal, Norway

Utløpsdato

24/05/2026

Erfaringsnivå

Medelnivå

Arbeidssted

Sogndal, Vestland

Lønnsinformasjon

EUR • Per År

Søknadsfrist

24/04/2026

Søknadsmetode

Website

Søknader

18

Publiserende selskap

Sogndal kommune

Sogndal kommune

Se selskapets profil

category

Administration

Sted

Sogndal, Norway

Bedriftens beliggenhet

Søk på stilling

Klikk på knappen nedenfor for å søke på denne jobben via e-post.