Sogndal
Sparebanken Norge er landets største sparebank! Bransjen vår er i rask utvikling, og vi blir stadig utfordra på kva bank skal vere. Det gjer at vi heile tida må tenkje nytt – og gir rom for fagleg utvikling, nye idear og moglegheit til å påverke, også i rolla som finansiell rådgivar.
Det viktigaste karrierevalet du tek, er laget du vel å spele for. Lagkjensla avgjer om vi trivst, meistrar og utviklar oss – og den byggjer vi no sterkare enn nokon gong. Saman skal vi skape Noregs beste sparebank, og vi vil ha deg med på laget!
### **Om kontoret og laget**
Ein av våre dyktige rådgivarar skal ut i permisjon, og vi søkjer derfor ein vikar til rådgivarteamet vårt i Sogndal. Her blir du ein del av eit lag som samarbeider tett, deler kunnskap og heiar på kvarandre i kvardagen.
Vi ser etter ein lagspelar som er serviceinnstilt, løysingsorientert og som brenn for å skape gode kundeopplevingar. Hjå oss får du gode føresetnader for å lykkast – i eit kompetent, engasjert og energisk arbeidsmiljø.
### **Kva går jobben ut på?**
I denne rolla vil du i stor grad møte kundar som kjem innom kontoret, og hjelpe dei med ulike bankrelaterte spørsmål og oppgåver. Du vil òg jobbe med utgåande salgsaktivitetar og bidra der det trengst i den daglege drifta av kontoret.
Ved å løyse dine oppgåver på ein god måte, er du med på å spele resten av teamet god – samtidig som du får verdifull erfaring og innsikt i rådgivaryrket.
Arbeidskvardagen er variert og består av både fysiske og digitale kundemøter. Det vil vere mogleg med ferie etter avtale, men ein må rekne med å jobbe store delar av sommaren og fellesferien.
### **Kven er du?**
Du er ein trygg og engasjert person som likar å jobbe med mennesker. Du evnar å vere tålmodig, samstundes som du er handlekraftig når situasjonen krev det. Du trivst med å skape tillit og finne gode løysingar saman med kundane.
Vi trur du vil trivast og lykkast hjå oss dersom du:
- skapar tryggleik og engasjement i kundemøter
- jobbar strukturert og målretta
- er nysgjerrig, lærevillig og initiativrik
- kommuniserer klart og tillitsfullt
### **Kva får du hos oss?**
Hjå oss får du eit lag som heiar på deg og vil at du skal lykkast – både i rolla og i karrieren. Du får heile Sparebanken Norge i ryggen, med tilgang til støttefunksjonar, spesialistar og tverrfagleg kompetanse frå heile landet.
Du blir ein del av ein kultur prega av deling, openheit og ekte lagkjensle – og du får fridom til å påverke både din eigen arbeidskvardag og utviklinga i banken.
I Sparebanken Norge byggjer vi ikkje berre ein bank – vi byggjer eit lag. **Vil du bli med?**
### **Klar for å bli med på laget?**
Vi gler oss til å høyre frå deg! Ta gjerne kontakt med oss for ein hyggeleg prat.
Varighet: 31.12.26
Søknadsfrist: 06.02.26
Vi behandlar søknader og gjennomfører intervju fortløpande.
## **Contact person**
Jørgen Follevåg Mjelleli
Banksjef
91612707
Jorgen.Mjelleli@spv.no